Sivert Høyem

norsk songar

Sivert Høyem (fødd 22. januar 1976) er ein norsk songar, gitarist og låtskrivar. Han var vokalist i den norske rockegruppa Madrugada fram til gruppa vart oppløyst i 2008.

Sivert Høyem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. januar 1976 (48 år)
Sortland kommune
Yrke songar, låtskrivar, gitarist
Språk norsk, engelsk
Medlem av Madrugada
Mor Jørun Adeleid Drevland
Ektefelle Helena Brodtkorb
Nettstad http://www.siverthoyem.com/
Sivert Høyem på Commons
Sivert Høyem syng på Piknik i Parken i Oslo i 2016
Foto: Tore Sætre

Karriere

endre

Høyem voks opp i bygda Kleiva utanfor Sortland. På 90-talet starta han gruppa Abbey's Adoption og starta opptrådte på Rock Mot Rus (RMR)Andøya i Vesterålen. Bandet har seinare vorte kjend som Madrugada.

Madrugada har gjeve ut til saman seks album sidan 1999, og Høyem vart med det særleg kjend for si mørke røyst. I 2004 starta Høyem solokarriere med bandet The Volunteers på plata Ladies and Gentlemen of the Opposition, og heldt fram suksessen med oppfylgjaren Exiles desember 2006. I 2007 vart Madrugada oppløyst etter at gitaristen Robert Burås døydde.

Sivert Høyem deltok også i songen «Venn», som vart utgjeven i samband med tsunamien i 2004 i Indiahavet.

Den 28. september 2009 kom Høyem med sitt tredje soloalbum, Moon Landing der han for fyrste gong ikkje nytta The Volunteers. Albumet vart dels spelt inn på ei hytte på Norefjell, dels i Svenska Grammofonstudion i Göteborg og dels i Parkometer Studio i Oslo. Høyem har sjølv skrive alle songane og produsert plata sjølv i samarbeid med Cato Salsa. For albumet vann han ein spellemannpris i klassa mannleg artist under Spellemannprisen 2009.

I oktober 2010 gav Høyem ut songen Prisoner of the Road til inntekt for TV-aksjonen til Flyktningehjelpen.[1]

Sivert Høyem Band

endre

Diskografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Referansar

endre