Helgøya i Mjøsa
Helgøya i Mjøsa ligg i Ringsaker kommune. Med eit areal på 18,34 km² er ho den største innlandsøya i Noreg. Helgøya har sidan 1950-talet hatt brusamband til fastlandet. Ho har i dag omkring 600 innbyggjarar. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk med korn- og potetdyrking.
Helgøya i Mjøsa | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Helgøya i Mjøsa 60°44′11″N 10°58′47″E / 60.7363°N 10.9798°E | |||
Wikimedia Commons: Helgøya, Mjøsa |
Enkelte leksikon opererer med same areal for Helgøya og Røssvassholmen. Nye målingar frå Kartverket viser at Helgøya er klart størst. Utrekningar basert på oppdaterte kartdata viser at Helgøya er 18,34 km² og Røssvassholmen 17,39 km². Desse er basert på høgaste regulerte vasstand for høvesvis Mjøsa og Røssvatnet.
Bakgrunnsstoff
endre- Kart over HelgøyaDenne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.