Røssvatnet
innsjø i Hattfjelldal og Hemnes i Nordland
Røssvatnet (samisk Reevhtse) er med eit areal på 219 km² den nest største innsjøen i Noreg. Innsjøen har det sørsamiske namnet Reevhtse.
Røssvatnet (Reevhtse) | |||
innsjø | |||
Røssvatnet sett frå Hattfjelldal mot Lukttinden og Dårtinden
Foto: Erlend Bjørtvedt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommunar | Hattfjelldal, Hemnes | ||
Høgd over havet | 383–374 moh. | ||
Areal | 218,61–190 km² | ||
Største djupn | 240–231 m | ||
Kystlengd1 | 256,37 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Røssvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Røssvatnet ligg i kommunane Hattfjelldal og Hemnes i Nordland fylke, 383 meter over havet. Røssvatnet renn ut i Ranfjorden ved Korgen gjennom Røssåga. Vatnet vart regulert i 1957. Ved reguleringa vart vatnet demt opp 9 meter, og arealet auka slik at Røssvatnet passerte Femunden på lista over dei største innsjøane i Noreg.
Ved Røssvatnet er det funne spor av busetjing heilt attende til steinalderen. Gardane langs Røssvatnet vart i hovudsak rydda utover 17- og 1800-talet. Mange av dei mista mykje dyrka jord ved reguleringa på 1950-talet.