Helge N. Thune

norsk lensmann, bonde og politikar

Helge Nilsson Thune (24. februar 186115. mai 1950) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vang i Valdres. Nils Trondsson Thune var far hans.

Helge N. Thune
Fødd24. februar 1861
Vang
Død15. mai 1950 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
YrkeLensmann, bonde, politikar
FarNils Trondsen Thune

Thune vart student i 1884 og cand. jur. i 1893. Frå 1891 til 1926 var han lensmann i heimbygda Vang, og attåt gardbrukar. Han ver også kasserar for Valdresbanen, og åstads- og forlikskommissær. Thune var medlem av heradsstyret 1896-99 og 1902-11.

Helge N. Thune representerte Valdres krins og Frisinna VenstreStortinget i perioden 1910-12. Han var medlem av justiskomiteen, samt 1912 av valkomiteen og reguleringskomiteen. Frå 1922 til 1930 representerte han Bondepartiet og Oppland på Stortinget. 1922-24 nestformann i justiskomiteen, 1925-27 medlem og 1928 nestformann i skog og vassdragskomiteen. President i Lagtinget 1927-30.

Han døydde i 1950 og vart gravlagd i Vang.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914