For andre tydingar av oppslagsordet, sjå songaren Helge Rønning.

Helge Rønning (fødd 1. september 1943) er ein norsk litteratur- og medieforskar. Han er professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Han har forska på ulike område som afrikansk samtidslitteratur, filosofien til Frankfurter-skulen, Henrik Ibsen, europeisk modernisme og stillinga til TV-mediet. Han har også teke del i samfunnsdebatten, og stod sentralt i dei litterære stridane i 1970-åra.[1]

Helge Rønning

Fødd1. september 1943
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkelitteraturhistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Rønning var redaktør for Samtiden 1979–88 og leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening 1994–97.[1] Han var medlem av regjeringens ytringsfrihetskommisjon (1996-1999).[2]

Bibliografi

endre
  • Dødsdom over et folk. Imperialismen og Biafrakonflikten, sakprosa (1969)
  • Moderne afrikanske fortellere, sakprosa (1971)
  • Linjer i nordisk prosa. Norge, sakprosa (1975)
  • Samtaler i samtiden (red.) sakprosa (1990)
  • Litteratur og modernitet (medf.) sakprosa (1990)
  • Verdens Litteraturhistorie bd. 7, sakprosa (1994)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Helge Rønning». Store norske leksikon. 19. november 2013. Henta 22. august 2018. 
  2. NOU, 1999: 27

Bakgrunnsstoff

endre