Henrik Ibsen

norsk forfattar og dramatikar (1828–1906)

Henrik Johan Ibsen (20. mars 182823. mai 1906) var ein norsk dramatikar, ein av «dei fire store» i norsk litteraturhistorie og kjend for diktinga si over heile verda. Ibsen er rekna som far åt det moderne dramaet og har påverka ei rad kunstnarar frå George Bernard Shaw og Oscar Wilde til James Joyce.

Henrik Ibsen

Pseudonym Brynjolf Bjarme
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mars 1828
Skien kommune
Død

23. mai 1906 (78 år)
Christiania

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, librettist, regissør, skribent
Språk norsk
Sjanger drama, dikt
Far Knud Ibsen
Mor Marichen Altenburg
Ektefelle Suzannah Ibsen
Born Sigurd Ibsen, Hans Jacob Henriksen
Signatur
Henrik Ibsen på Commons
Henrik Ibsen fotografert av Gustav Borgen i 1898.

Livssoge endre

 
Venstøp i Skien, der Ibsen-familien budde frå 1836 til 1843.

Henrik Ibsen vart fødd i Skien som son av forretningsmannen Knud Ibsen. Familien hans høyrde til overklassen i Skien. Farfar hans Ibsen forliste, og Knud Ibsen si mor gifte seg att med den rike Ole Paus. Etter at faren leid økonomisk fallitt måtte Henrik Ibsen bryta av utdanninga si. Som femtenåring forlét Ibsen heimen for å gå i apotekarlære i Grimstad. I 1846 fødte vaskekona Else Sophie Birkedalen sonen Hans Jacob Henriksen. Ibsen, som var ti år yngre enn Else Sophie, vedkjende seg farskapet, men han ville aldri seinare ha noko med onen å gjere, anna enn å betale bidrag fram til guten var 14 år.[1]

I Grimstad skreiv han òg sitt første skodespel, Catilina.

I 1850 flytte Ibsen til hovudstaden, då Christiania. Der var han ved Heltbergs studentfabrikk for universitetskandidatar saman med mellom andre Bjørnstjerne Bjørnson, medan han no og då tente pengar som journalist. Dette var ei tid som inspirerte Ibsen med nye idéar om personleg fridom. Han skreiv så fire stykke om norsk folkedikting og historie — det mest kjende av desse er Fru Inger til Østeraad (1855).

Teaterkarriere endre

Frå 1853 til 1857 arbeidde Ibsen ved Det norske Theater i Bergen, der han i tillegg til å instruera sine eigne skodespel hadde som arbeidsoppgåve å taka seg av dekorasjonane, kostyma, rekvisita og liknande, såvel som sjølve personarrangementet på scena. Dei nye tankane og metodane hans for og om teater var kontroversielle, og han laut fleire gonger vika for innarbeidde prinsipp.

I 1857 flytte Ibsen att til Christiania etter å ha gifta seg med Suzannah Thoresen, stebarnet til forfattaren Magdalene Thoresen. Året etter vart det einaste barnet deira, Sigurd Ibsen, fødd. Ekteskapet deira var gledeslaust, og Henrik Ibsen søkte fleire «venskap» med yngre damer som trøyst.

Ibsen fungerte som instruktør på det nye Christiania Theater i Møllergaden fram til 1864. I laupet av denne tida skreiv han dei to historiske skodespela Hærmændene paa Helgeland og Kjærlighedens Komedie og dessutan satiren Kongs-Emnerne.

Utanlandsopphald endre

I april 1864 vann han stipend av staten, og med denne stønaden og noko finansiell hjelp frå Bjørnstjerne Bjørnson forlét Ibsen Noreg og reiste til Italia. Dei neste 27 åra heldt han til i utlandet, berre med sjeldne og korte vitjingar til Noreg. I denne tida då han budde i Roma, München og Dresden, skreiv Ibsen sine mest kjende verk. Først ut var Brand (1866), deretter det dramatiske diktet Peer Gynt (1867), og i 1873 skreiv Ibsen det han sjølv heldt for sitt hovudverk: Kejser og Galilæer. Et dukkehjem, som kom ut i 1878, er det mest vidkjente stykket hans.

Ibsen vendte attende til Noreg i 1891 og heldt fram med å skriva der fram til 1900. I 1893 vart han tildelt storkrossen av St. Olavs Orden. I 1898 vart han hylla over store delar av verda i samband med 70-årsdagen sin. Åtte år seinare døydde han i husværet sitt i Arbiens gate 1 i Kristiania etter ei rad slagtilfelle. Det vert sagt at dei siste orda hans var «Tvert imot!» etter at nokon hadde antyda åt han at han heldt på å verta betre.

Skodespel endre

Brand endre

Gjennombrotsverket til Ibsen som dramatisk forfattar var Brand frå 1866. Stykket, på vers, handlar om ein strengt rettskaffen prest som stiller eit problematisk hardt krav om konsekvens både til seg sjølv og til sine næraste. Dette kravet fører han til slutt opp i ein umogleg situasjon, men som alltid hjå Ibsen er slutten open, og den avsluttande replikken, «Han er Deus Caritatis [den elskande guden]», kan tolkast på ulike måtar. Ein kan lett fordømma Brand, men Ibsens eigne ord var: «Brand er meg selv i mine beste øyeblikk.»

Stykket vakte både åtgaum og debatt i Danmark og Noreg, og blei den første kommersielle suksessen til Ibsen.

Bygda Sunnylven, med kyrkja på Hellesylt og soknepresten Ole Olsen Barman (f.1816)[2] kan vere inspirasjon for Brand[3]. Ibsen vitja Hellesylt på reisa på Vestlandet og gjennom Gudbrandsdalen sommaren 1862.[4] I 1859 var det sett opp ei ny kyrkje på Hellesylt og Sunnylven var frå 1861 eige prestegjeld. Andre akt av Brand skildrar ei gamal kyrkje, medan femte akt skildrar vigsling av ei ny kyrkje.

Peer Gynt endre

Peer Gynt frå 1867 var ein satirisk fantasi om ein skryteglad egoist, den rake motsetnaden til Brand. Verket var opphavleg eit «dramatisk dikt», men er seinare blitt kjend som teaterstykke. Det henta mykje inspirasjon frå norsk folketradisjon, og er blitt noko av eit nasjonalepos.

Medan Brand var eit drama Ibsen sleit lenge med, kom Peer Gynt omtrent av seg sjølv. Dramaa står i et refleksjonstilhøve til kvarandre, og tek begge opp problema kring val og mangel på val, konsekvent handling eller fråvær av konsekvent handling. Filosofisk står begge skodespela i ein dialog med Kierkegaards eksistensialisme. Stykka gjorde Ibsen til ein kjend dramatikar, og gav han tilstrekkeleg med inntekter.

Kejser og Galilæer endre

 
Henrik Ibsen (1828–1906).

I 1873 skreiv Ibsen det han sjølv meinte var hans hovudverk, Kejser og Galilæer. Dramaet er skrive i to delar, og handlar om keisar Julian «den frafalne», den eksistensielle vegen hans vekk frå kristendommen og det aukande sjølvbedraget hans. Diktverket blir rekna som svært krevjande, men står i direkte samanheng med Brand og Peer Gynt i Ibsen si utvikling som diktar.

Et Dukkehjem endre

Et Dukkehjem kom ut i 1879, og er det best kjende Ibsen-stykket, som stadig blir spela verda over. Nora og Torvald lever i eit tilsynelatande lukkeleg og problemfritt ekteskap. Men mangel på tillit og forståing mellom dei gjer at Nora til slutt går frå ektemannen og dei tre barna.

Et Dukkehjem blir ofte tolka som Ibsens innlegg i debatten om kvinna sine rettar og har lenge blitt hylla av feministar som eit stort bidrag til kvinnefrigjeringa. Forfattaren sjølv hevda at stykket handla om individ snarare enn samfunnsspørsmål. Stykket gjorde sensasjon og skapte debatt. Det blei sett opp i Europa og Amerika, og gjorde Ibsen verdskjent.

Gengangere endre

Gengangere frå 1881 rører ved ei rekke kontroversielle og forbodne tema som syfilis, incest, ekteskapet som institusjon, barn fødd utanfor ekteskap, sosiale konvensjonar som kan øydeleggja fridom og lukke, og ikkje minst aktiv dødshjelp. Gengangere skapte sterk debatt og blei nekta oppført over store delar av verda.

Når vi døde vågner endre

Når vi døde vågner var det siste stykket Ibsen skreiv, og kom ut i 1899. Det tok opp tilhøvet mellom liv og kunst. Stykket handlar om ekteparet som består av den aldrande og uinspirerte bilethoggaren Arnold Rubek og den yngre kona Maja. I løpet av stykket treffer Maja godseigaren Ulfheim medan Arnold møter igjen den tidlegare modellen og kjærasten sin, Irene. På ein tur i fjellet lærer Maja og Ulfheim kvarandre å kjenna, og går ned igjen, mot menneska. På veg ned møter dei Arnold og Irene som går oppover. Trass i åtvaringar om skodde og livsfare fortsett desse til topps, der dei blir begravde saman i eit snøskred.

Dikt endre

Terje Vigen endre

«Terje Vigen» er eit episk dikt som bygger på soger frå Sørlandet under Napoleonskrigane og kornblokaden 1808–1811. Diktet skildrar den personlege tragedien til Terje Vigen og korleis han endeleg finn fred.

Senter for Ibsen-studier endre

Universitetet i Oslo opna i 1993 eit Senter for Ibsen-studier under Det humanistiske fakultet. Dette er eit forskings- og dokumentasjonssenter for å styrke den forskinga som har med Henrik Ibsen å gjere.

Verkliste endre

  • 1850 – Catilina (drama)
  • 1850 – Kjæmpehøjen (drama)
  • 1852 – Sancthansnatten (drama)
  • 1855 – Gildet paa Solhoug (drama)
  • 1857 – Fru Inger til Østeraad (drama)
  • 1857 – Olaf Liljekrans (drama)
  • 1858 – Hærmændene paa Helgeland (drama)
  • 1861 – Terje Vigen (lyrikk)
  • 1862 – Kjærlighedens Komedie (drama)
  • 1864 – Kongs-Emnerne (drama)
  • 1866 – Brand (drama)
  • 1867 – Peer Gynt (drama)
  • 1869 – De unges Forbund (drama)
  • 1871 – Digte (lyrikk)
  • 1873 – Kejser og Galilæer (drama)
  • 1877 – Samfundets Støtter (drama)
  • 1879 – Et Dukkehjem (drama)
  • 1881 – Gengangere (drama)
  • 1882 – En Folkefiende (drama)
  • 1884 – Vildanden (drama)
  • 1886 – Rosmersholm (drama)
  • 1888 – Fruen fra Havet (drama)
  • 1890 – Hedda Gabler (drama)
  • 1892 – Bygmester Solness (drama)
  • 1894 – Lille Eyolf (drama)
  • 1896 – John Gabriel Borkman (drama)
  • 1899 – Naar vi døde vågner (drama)

Kjelder endre

  1. «Henrik Ibsen i Grimstad – Bosted, farskapssak og etterkommere» Arkivert 16. februar 2007 ved Wayback Machine., Riksarkivet
  2. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.247 og s.293
  3. Koht, Halvdan (1954): Henrik Ibsen - eit diktarliv. Oslo: Aschehoug, bind 1, s.249.
  4. Ystad, Vigdis: Henrik Ibsen i Norsk biografisk leksikon på snl.no

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Henrik Ibsen
  Commons har multimedium som gjeld: Henrik Ibsen