Hellefjorden i Mandal

57°58′12.878″N 7°34′32.736″E / 57.97024389°N 7.57576000°E / 57.97024389; 7.57576000 Hellefjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune sør for Tregde. Han har innløp inn frå Skagerrak mellom Pysen i vest og Ytsteskjer i aust og strekker seg 6 km nordvestover. Fleire øyar ligg på kvar side av fjorden. På austsida ligg Store Sæsøy, Utøy, Risøy, Hersøy og Buøya. På vestsida av fjorden ligg Sandøy, Hellersøy og den større Skjernøya som har brusamband til fastlandet over Skjernøysundet. Skjernøysundet ligg på nordsida av Skjernøya og går mellom Hellefjorden og Mannefjorden.