Helmand
Helmand (òg skrive Helmend, Helmund og Hirmand; pashto/persisk هیرمند, هلمند, Hīrmand, Helmand) er den lengste elva i Afghanistan og det viktigaste vassdraget i det endorheisk Sistan-bekkenet.[1]
Helmand | |||
elv | |||
Land | Afghanistan, Iran | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• venstre | Arghandabelva | ||
• høgre | Khashelva, Chagayelva | ||
Lengd | 1 150 km | ||
Kjelde | Hindu Kush-fjella | ||
Munning | Hamunsjøen | ||
Helmand 34°39′10″N 68°41′01″E / 34.652902777778°N 68.683577777778°E | |||
Wikimedia Commons: Helmand River |
Namnet kjem frå Avestan Haētumant, som tyder «oppdemd», og refererer til den kunstige vatninga i området Helmand.[2] Helmand-provinsen er kalla opp etter elva.
Geografi
endreHelmand har ei lengd på 1 150 km. Ho spring ut i Hindu Kush-fjella, kring 80 km vest for Kabul og ren nord for Unai-passet, aust i Hazarajat i Behsud, og flyt vestover til Daykundi og Uruzgan. Ho kryssar sørvestover gjennom ørkenen Dashti Margo til Seistan-myrene og innsjøområdet Hamun-i-Helmand kring Zabol ved den afghansk-iranske grensa.
Elva er relativt saltfri det meste av lengda si. Mykje av vatnet i elva vert nytta til vatning, sjøl om delar av elva dreg med seg mineralsalt som gjer ho mindre eigna til å vatne avlingar. Vassressursane vert hovudsakleg utnytta av bønder i Afghanistan, men munnar ut i Hamunsjøen og er òg viktig for bønder i Sistan og Balutsjistan søraust i Iran.
Ei rekkje vasskraftverk har skapt kunstige reservoar lange somme av dei afghanske elvane, som Kajakai over Helmand. Den viktigaste sideelva til Helmand er Arghandabelva, som òg har ei stor demning nord for Kandahar.
Området provinsen Helmand dekkjer vart ein gong kalla kongedømet Sakastan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Helmand River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Various authors. «HELMAND RIVER». Encyclopædia Iranica (Online utg.). United States: Columbia University.
- Frye, Richard N. (1963). The Heritage av Persia. World Publishing company, Cleveland, Ohio. Mentor Book edition, 1966.
- Toynbee, Arnold J. (1961). Between Oxus and Jumna. London. Oxford University Press.
- Vogelsang, W. (1985). «Early historical Arachosia in South-east Afghanistan; Meeting-place between East and West.» Iranica antiqua, 20 (1985), pp. 55–99.
- ↑ «History of Environmental Change in the Sistan Basin 1976 - 2005» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 7. august 2007. Henta 4. april 2021.
- ↑ Jack Finegan. Myth & Mystery: An Introduction to the Pagan Religions of the Biblical World. Baker Books, 1997. ISBN 0-8010-2160-X, 9780801021602