Helse Førde er eit føretak som administrerer somatiske sjukehus og psykiatriske institusjonar i Sogn og Fjordane. Føretaket vart oppretta i 2001 og overtok i 2002 ansvaret for sjukehusdrifta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Helse Førde HF (helseføretak) har ansvaret for dei offentlege spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Det omfattar tre klinikkar og ein divisjon, fordelt på fire sjukehus og andre somatiske og psykiatriske institusjonar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Føretaket har i tillegg ansvaret for ambulansetenesta i fylket.

Helse Førde hadde i 2011 om lag 2 200 tilsette og eit samla budsjett på 2 milliardar kroner. Administrasjonen held til ved i Førde sentrum Førdeården. Helse Førde er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Føretaket er eigd av det statlege Helse Vest.

Clara Øberg er styreleiar og Jon Bolstad er Adm. Direktør.

Historie endre

Første styreleiar var Per Ytrehus, og første direktør var Leif Kapstad.

Bakgrunnsstoff endre