Helse Stavanger
Helse Stavanger HF er eitt av fem lokale helseføretak på Vestlandet som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest. Det vart oppretta 1. januar 2002 som eit resultat av den nasjonale helsereforma.
Helse Stavanger administrerer i hovudsak Stavanger Universitetssjukehus og lokale klinikkar og institusjonar elles i Sør-Rogaland.