Ein hengebre er ein isbre høgt over botnen av ein bredal. Breen strekkjer seg nedover fjellveggen og endar brått før han når hovudbreen nede i dalen.[1] Snøras og isfall er vanleg og fraktar is og snø ned i dalbotnen under.[1]

Ein hengebre i Chugach Mountains.

Steinras og isfall frå ein hengebre var ansvarleg for Kolka-Karmadon-raset i 2002, som tok livet av 125 menneske.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Glossary of Glacier Terminology». United States Geological Survey. 
  2. Lindsey, Rebecca. «Collapse of the Kolka Glacier». Earth Observatory. NASA.