Henna Raita

finsk alpinist

Henna Raita (fødd 24. januar 1975 i Lahtis) er ein tidlegare finsk alpinist. Ho køyrde nesten utelukkande renn i disiplinen slalåm, bortsett frå einskilde renn i storslalåm.

Henna Raita
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. januar 1975 (49 år)
Lahtis
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Etter at ho hadde køyrt FIS-renn og einskilde juniorrenn i fem år, debuterte ho i januar 1995 i europacupen. 20. desember 1997 starta ho for første gang i verdscupen, i slalåmrennet i Val-d'Isère. Ho tok dei første verdscuppoenga sine 1. mars 1998, då ho vart nr. 27 i slalåmrennet i Saalbach-Hinterglemm. Etter to korsbandskadar måtte ho ta lengre pausar i sesongane 1996/97 og 1998/99, i desse periodane studerte ho kunst ved Universitetet i Lappland i Rovaniemi. I mellomsesongen 1997/98 vann ho slalåmdelen i europacupen med fire enkeltseire.

Frå sesongen 1999/2000 etablerte Raita seg i det midtre sjiktet i slalåm, og 20. februar oppnådde ho det beste resultatet frå karrieren, då ho vart nummer seks i Åre. I sesongen 2000/01 vann ho for andre gang slalåmdelen av europacupen. Under OL 2002 kom ho på åttandeplass i slalåm. Etter sesongen 2001/02 plukka Raita jamleg poeng, utan plasseringar blant dei 10 fremste. I mars 2006 la ho opp.

Merittar

endre

VM

  • St. Anton 2001: 11.-plass i slalåm
  • St. Moritz 2003: 22.-plass i slalåm
  • Santa Caterina 2005: 11.-plass i slalåm

Junior-VM

  • Maribor 1992: 38.-plass i storslalåm, 43.-plass i super-G
  • Monte Campione 1993: 37.-plass i storslalåm, 61.-plass i super-G
  • Lake Placid 1994: 40.-plass i super-G

Verdscupen

  • 8 plasseringar blant dei 10 beste

Europacup

  • 1997/98: 1.-plass i slalåmcupen
  • 1999/00: 3.-plass i slalåmcupen
  • 2000/01: 4.-plass samanlagt, 1.-plass i slalåmcupen
  • 2004/05: 2.-plass i slalåmcupen
  • 25 pallplasseringar, derav 12 sigrar (med unntak av ein tredjeplass, alle i slalåm)

Anna

  • 14 sigrar i FIS-renn
  • 3 finske meistertitlar (slalåm 2002 og 2006, storslalåm 2002)

Kjelder

endre