Henning Jensen
Henning Jensen (17. august 1949–4. desember 2017) var ein dansk fotballspelar frå Nørresundby som vann UEFA-cupen 1975 for Borussia Mönchengladbach. Perioden 1975-80 vart han seriemeister i såvel Vest-Tyskland, som i Spania og Nederland.
Klubbspel
endreAngrepsspelaren Jensen spelte på nivå fire i heimlege Nørresundby til sommaren 1972. Etter å ha imponert i ein kvalifiseringskamp til Sommar-OL 1972 fekk han kontrakt med den vesttyske toppklubben Borussia Mönchengladbach. Med Borussia vann han DFB-pokalen i 1973, UEFA-cupen 1975 og bundesligaen 1975 og 1976. Deretter vart han overført til Real Madrid i Spania og var med på å vinne La Liga i 1978 og 1979. Frå 1979 til -81 var Jensen i to sesongar Ajax-spelar, i sin fyrste sesong vart han nederlandsk seriemeister. Han avslutta si tid som aktiv spelar med Aarhus GF, der han frå 1981 til -83 for fyrste gong spelte i dansk toppserie.
Landslagsspel
endreFrå 1972 til 1980 deltok Jensen i 21 av Danmarks landskampar. Han skåra 9 mål.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Henning Jensen (fodboldspiller, født 1949)» frå Wikipedia på tysk, den 1. mai 2020.