Amsterdamsche Football Club Ajax, til vanleg omtala som Ajax, også kalla Ajax Amsterdam eller AFC Ajax, er ein nederlandsk fotballklubb fra Amsterdam. Klubben spelar sine heimekampar på Amsterdam ArenA i Amsterdam.

Ajax
Fullt namnAmsterdamsche Football Club Ajax
KallenamnDe Godenzonen «Gudesonane»
de Joden »Jødane»
I Lancieri «Lancerne»
Grunnlagd16. mars 1900
HeimebaneJohan Cruijff ArenA
(kapasitet: 54,990)
StyreleiarHennie Heinrichs
HovudtrenarErik ten Hag
LigaEredivisie
2018/191. plass i Eredivisie
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Ajax har tre gongar vunne Europacupen, og ein gong kvar meisterligaen, UEFA-cupen og cupvinnarcupen. Klubben har vorte seriemeister 30 gongar i Nederland, og har vunne fotballcupen 17 gongar. Ajax har fostra spelarar som Johan Cruijff, Johan Neeskens, Frank Rijkaard, Marco van Basten og mange andre toppspelarar.

SogeEndra

Ajax vart grunnlagt i 1900. Namnet er etter den greske, mytologiske helten Ajax. Klubben vann landsmeisterskapet første gongen i 1918, utan å ha tapt ein einaste seriekamp. Sidan har klubben alltid spela i toppdivisjonen i Nederland.

Ajax hadde sin gullalder i tida 1969-73. Klubben vann europacupen i 1971, 1972 og 1973. Samstundes vart Ajax både seriemeistrar i Nederland i 1970, 1972 1973 og cupmeistrar i 1970, 1971, 1972 og 1973. Spelarar som Cruijff og Neeskens var av øvste verdsklasse og merka seg ut på eit lag med mange dyktige spelarar.

Sist i 1980-åra var heimekampane til Ajax prega av hooligans på tribunane. Dette og muter i samband med ein kamp mot Austria Wien førte klubben ut i eit uføre. Enden var at det kom nye folk i alle leiarposisjonar.

Ajax nådde eit nytt høgdepunkt midt på 1990-talet, klubben vann UEFA-cupen 1993 og meisterligaen i 1995, den heimlege seriemeisterskapen i 1994, 1995 og 1996 og den heimlege cupen i 1993. I 1995 vart Bosman-dommen avsagt og heile åtte av førstelagspelarane signerte for storklubbar utanlands. Etter ei vanskeleg tid har Ajax sidan vunne fleire seriemeisterskap i Nederland, men har ikkje makta nå dei avgjerande finalerundane i dei store klubbturneringane.

Ajax er ein av dei fire klubbane som har vunne alle dei store europeiske fotballturneringane for klubbar; europacupen, meisterligaen, cupvinnarcupen og UEFA-cupen. Bayern München, FC Barcelona og Juventus er dei andre tre klubbane som har makta denne bragda.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra