Henning Solberg (fødd 8. januar 1973) frå Spydeberg, er ein av dei fremste rallykøyrarane i Noreg. Han er bror til Petter Solberg. Henning Solberg vann den fyrste fartsprøva si i VM saman med bror sin Petter Solberg 29. april 2006 under Rally Argentina på den 16. etappen. Solberg-brørne fekk begge tida 8.50.50. Han debuterte i Rally VM under Rally Sverige i 1998.

Henning Solberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1973 (51 år)
Askim kommune
Idrett rally
Henning Solberg under Rally Kypros i 2005.
Bilen som Henning Solberg nytta i 2006 sesongen.

Kartlesaren til Henning er Cato Menkerud.

Merittar

endre
  • 1988: Debuterte som kartlesar i rally som 15-åring
  • 1991: Køyrde bilcross og vann NMKs landsfinale
  • 1992: NM-sølv i rallycross
  • 1993: NM-gull bakkeløp
    • NM-sølv i rallycross
  • 1994: Nordisk meister i rallycross
    • Nordisk meister i bakkeløp
    • NM-gull i bakkeløp
    • NM-sølv i rallycross
  • 1995: Køyrde EM Rallycross Div.1 (2nd in Austria and 12th overall 1995 in Group N)
  • 1996: Fekk Greta Molanders Fond
  • 1997: NM-sølv i rally Gr.A
  • 1998: NM-sølv i rally Gr.A
  • 1999: NM-gull i rally Gr.A
    • Kåra til Årets Bilsportsutøvar
  • 2000: NM-gull i rally Gr.A
  • 2001: NM-gull i rally Gr.A
  • 2002: NM-gull i rally Gr.A
  • 2003: NM-gull i rally Gr.A
  • 2004: 6.-plass i Sverige med Peugeot 206 i sitt 16. VM-rally
  • 2005: 5.-plass i Sverige med Ford Focus RS i sitt 23. VM-rally, 4.-plass på Kypros i sitt 25. VM-rally
  • 2006: Første fartsprøvesiger i Argentina med Peugeot 307 i sitt 33. VM-rally, 4.-plass i Finland i sitt 36. VM-rally, 3.-plass i Tyrkia i sitt 38. VM-rally
  • 2007: 3.-plass i Rally Norway, 3.-plass i Rally Japan
  • 2007: 5.-plass i Rally Finland

Bakgrunnsstoff

endre