Henri Oreiller (5. desember 19257. oktober 1962) var ein fransk alpinist som vann OL-gull i utfor og den alpine kombinasjonen under Vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Henri Oreiller

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. desember 1925
12. arrondissement i Paris
Død

7. oktober 1962 (36 år)
14. arrondissement

Yrke alpinist, motorsykkelsportsutøver, racerbilfører, militær
Språk fransk
Henri Oreiller på Commons

Alpin skiidrett endre

Oreiller vart olympisk meister i utfor i St. Moritz i 1948, med ein margin på fire sekund til nestemann. I den andre tevlinga, slalåm, tok han bronsemedaljen. Prestasjonane i dei to renna gav han ein andre gullmedalje i kombinasjonen, ei såkalla papirøving.

Ved VM i alpine greiner 1950 i Aspen i delstaten Colorado vart han som best nummer fire i storslalåm. Under vinterleikane 1952 i Oslo makta han ikkje å hamle opp mot dei beste, ein 14. plass i utfor vart hans fremste plassering.

Motorsport endre

Etter han la opp i 1952 var Oreiller aktiv i billøp. Han omkom hausten 1962 på ei bilbane sør for Paris. Ei punktering førte til at han mista kontollen over bilen sin, ein Ferrari 250 GTO.

Kjelder endre

  • (en) Henri Oreiller – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.