Henrik Klaveness

Henrik Klaveness (16. april 182615. april 1888) var ein norsk skipper, gardbrukar og stortingsmann frå Sande i Vestfold.

Henrik Klaveness
Fødd 16. april 1826
Død

15. april 1888 (61 år)

Yrke politikar

Klaveness var fødd på storgarden Gokstad i Sande. Faren dreiv denne attåt han var skipper. Allereie då han var 10 år gammal vart han hyra til dekksgut på skipet faren førte. Frå 1850 til -62 var han sjølv skipper. Sidan var han brukar av Gokstad-garden, i tillegg var han kasserar i den lokale sparebanken frå 1878.

Perioden 1863-77 var han ordførar i Sande, dessutan var han forlikskommissær. Tingperiodane 1871-73 og 1874-76 representerte han Jarlsberg og Larviks amtStortinget. Begge periodane var han medlem av næringskomite nr 2.

Klaveness døydde på Gokstad.

KjelderEndra