Henry Draper-katalogen

Henry Draper-katalogen, forkorta HD, er ein stjernekatalog for stjerner fordelt over heile himmelen, først laga av Henry Draper. Stjernene er nemnt med posisjon, storleiks- og spektralklasse. Den første utgåva kom i 1890 og omfatta 10 000 stjerner. Han vart utvida til kring 225 300 stjerner i 1918–24 av mellom anna den amerikanske astrofysikaren Annie J. Cannon. Den siste utgåva omfattar kring 400 000 stjerner.

Kjelder

endre