Ein stjernekatalog er eit systematisk ordna register over stjerner etter koordinatar (rektascensjon og deklinasjon) på himmelkvelvinga, saman med oppgåve over storleiksklasse, spektrum, parallakse og meir. Utanom generelle stjernekatalogar har ein spesialkatalogar over fundamentalstjerner, dobbeltstjerner, variabel stjerner, eigenrørsle, parallakse, radialsnøggleik og fleire.

Ein illustrasjon av stjernebiletet Persevs (etter Persevs frå gresk mytologi) frå stjernekatalogen publisert av den tyske astronomen Johannes Hevelius i 1690.

Kjende stjernekatalogar endre

Mykje brukt er Bonner Durchmusterung, der til dømes BD+50°3410 tyder stjerne nr. 3410 mellom 50 og 51° nordleg deklinasjon. I Henry Draper-katalogen er stjernene nummerert etter aukande reaktscensjon, til dømes HD206570.

Messierkatalogen er ein katalog over 103 diffuse objekt som ein alltid kan sjå på himmelen, slik som stjernehopar, tåker og galaksar, utgjeven av Charles Messier. Objekta vert oppført med bokstaven M og eit nummer. Messier var eigentleg interessert i å oppdage kometar. For å skilje kometar frå andre objekt utarbeidde han ei liste basert på eigne observasjonar på observatoriet til den franske flåten på Hotel de Cluny i Paris. Han publiserte katalogen i tre deler: den første kom i 1774 og inneheld M 1–45, andre del kom i 1780 og inneheld ytterlegare 25 objekt (opp til M70), tredje del kom i 1781 og inneheld objekt til og med M 103. Messier planla òg ei fjerde utgåve, men denne vart aldri realisert. Katalogen inneheld òg tilvising til objekt som var oppdaga av andre astronomar. Visse av katalognumra er synlige for det nakne auga, som til dømes stjernehopen Pleiadane (M 45) og Andromedagalaksen (M 31).

Dagens Messierkatalog inneheld 110 objekt. Messier hadde kjennskap til òg dei siste sju, men dei vart føydd til av seinare astronomar.

Sjå òg endre

Kjelder endre