Henry Jacobsen

norsk politikar

Henry Jacobsen (2. desember 189816. januar 1964) var ein norsk byråkrat og politikar frå Rygge, som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til han døydde i 1964.

Henry Jacobsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. desember 1898
Rygge
Død

16. januar 1964 (65 år)
Moss kommune

Yrke politikar, kontorsjef
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Jacobsen var son til ein vognmann i Rygge. Etter å ha gått handelsskule, arbeidde han frå 1918 til 1938 på ei mylne. Sidan var han sjef på Alderstrygdkontoret i Moss fram til han døydde i 1964. Jamsides var han forretningsførar 1926-49 for Møllearbeidernes aktiebakeri.

Jacobsen var medlem i Rygge heradsstyre 1926-28 og frå 1932 til 1960 medlem i Moss bystyre. Han var ordførar i Moss frå 1945 til -60. Gjennom åra hadde han ei mengd verv i det offentlege, og i organisasjonslivet elles.

Ved stortingsvalet 1945 vart Jacobsen vald til å representere kjøpstadene i Østfold og AkershusStortinget. Sidan vart han attvald fire gongar, frå 1954 representerte for Østfold fylke, men heile tida Arbeidarpartiet. På tinget var han med i Administrasjonskomiteen fram til 1961, nestformann i komiteen 1954-61. Til sist var han formann i to år, 1961-63, formann i Protokollkomiteen, deretter medlem i same komiteen til han døydde.

Kjelder endre