Henryfjorden
Henryfjorden er ein 22 km lang, smal og isdekt fjord på nordkysten av Thurston Island i Antarktis, like aust for Hughes Peninsula. Fjorden vart først kartlagd frå flyfoto teken av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946-47, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Robert Henry, ein fotograf under den amerikanske ekspedisjonen i Bellingshausenhavet som i februar 1960 kartla Eights Coast frå helikopter.[1]
Henryfjorden | |||
fjord | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 71°57′S 100°8′W / 71.950°S 100.133°W | ||
Lengd | 22 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Henryfjorden 71°57′00″S 100°07′59″W / 71.95°S 100.133°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Henryfjorden». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Henryfjorden» (innhald frå Geographic Names Information System).