Herbétet er eit 3 778 meter over havet høgt fjell i Gran Paradiso-massivet, eit fjellområde i Dei graiiske Alpane i regionen Aostadalen i Italia. Fjelltoppen ligg på fjellryggen mellom Val Sevaranche i vest og Val di Cogne i aust. Om lag 1,5 kilometer i luftlinje sør-sørvest for Herbétet reiser høgste fjellet i området, Gran Paradiso, seg, medan det nesthøgste, Grivola, ligg om lag fem kilometer nord for Herbétet. Alle tre fjelltoppane er innlemma i Gran Paradiso nasjonalpark.

Herbétet
fjell
Land  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 3 778 moh.
Førstestiging L. Barale, A. Castagneri og G. Castagneri
 - dato 22. august 1873
Koordinatar 45°32′44″N 7°16′24″E / 45.54556°N 7.27333°E / 45.54556; 7.27333
Kart
Herbétet
45°32′44″N 7°16′24″E / 45.54555556°N 7.27333333°E / 45.54555556; 7.27333333
Wikimedia Commons: Herbetet

Tre italienarar kleiv som dei fyrste til topps på Herbétet den 22. august 1873.

Kjelder

endre