Herman Van Rompuy
Herman Van Rompuy (fødd 31. oktober 1947) er ein belgisk, flamsk politikar for partiet Christen-Democratisch en Vlaams (Kristendemokratisk og flamsk) og EU-president. Han var statsminister i Belgia frå 30. desember 2008 til 25. november 2009. Før det var han president for underhuset i den belgiske nasjonalforsamlinga. Etter at statsministeren, Yves Leterme, leverte avskjedssøknaden sin i desember 2008 fekk partifellen Van Rompuy i oppdrag av kongen å danna ny regjering, i koalisjon med dei same partia som Leterme regjerte med: Flamske liberale og demokratar (Vlaamse Liberalen en Democraten) og dei frankofone partia Reformrørsla (Mouvement Réformateur), Sosialistpartiet (Parti Socialiste), og Demokratisk, humanistisk senter (Centre démocrate humaniste).
Herman Van Rompuy | |
![]() | |
Fødd | 31. oktober 1947 (76 år) Etterbeek |
---|---|
Statsborgar av | Belgia |
Parti | Det europeiske folkepartiet |
Yrke | politikar, samfunnsøkonom |
Institusjonar | Belgias nasjonalbank |
Utdanna ved | Det katolske universitetet i Leuven Sint-Jan Berchmanscollege Katholieke Universiteit Leuven |
Far | Vic Van Rompuy |
Ektefelle | Geertrui Windels |
Barn | Peter Van Rompuy |
Verv | Statsminister i Belgia 2008-2009 |
Føregangar | Yves Leterme |
Etterfylgjar | Yves Leterme |
Alle verv |
Van Rompuy var partileiar for partiet sitt frå 1988 til 1993 og budsjettminister frå 1993 til 1999. Frå 2007 var han president for underhuset i nasjonalforsamlinga.
Van Rompuy har lenge vore ein aktiv bloggar, og skriv mellom anna haiku-aktige dikt på bloggen sin.
Bakgrunnsstoff endre
- Herman Van Rompuy sin blogg på nederlandsk