Heskestad

tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg

Heskestad er ei bygd og ein tidlegare kommune i Rogaland fylke, etablert som Heskestad formannskapsdistrikt i 1837.

Jarnbanestasjonen på Heskestad

Heskestad er ei 221,9 km² vid innlandsbygd, med eit landskap dominert av snaufjell og heiar. Høgste punkt er Store Skykula, 906 moh, grensefjell til Bjerkreim.

Folketalet var i 1801 på 720, sidan voks det til 1122 i 1900. Etter den tid minka det nokså jamt, så ved folketeljinga i 1950 talde ein 760 fastbuande. 460 menneske levde då av jord- og skogbruk, 95 av industri. Største busetnaden finst i den breie og flate Heskestaddalen. Ein mann frå bygda er ein heskestadbue.

Dagens Heskestad kyrkje vart bygt i 1904.

Den 1. januar 1965 vart mesteparten av Heskestad med 547 ibuarar slått saman med Lund til den nye Lund kommune. Samstundes vart krinsane Gyadalen og Grøsfjell i Heskestad med til saman 114 ibuarar slått saman med kommunane Helleland, Egersund og Eigersund til den nye Eigersund kommune.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954