Hespetre
Hespetre er ein mekanisme ein kan bruka til å laga ein hespel (garnbunt) av tråd som er spunne på hjulrokk eller handtein.
Den eldste og enklaste typen består av ei stong i midten med lett boga tverrtre ytst i kvar ende. Garnet vert lagt om tverrarmane, medan hespetreet vert svinga med handa slik at det lagar ein hespel.
På eit hespetre funne i Oseberg frå 800-talet ligg dei to tverrarmane i same plan, medan dei i nyare hespetre av same type er plassert i rett vinkel mot kvarandre.
Etterkvart vart den gamle typen erstatta av roterande reiskapar som har vore brukte heilt opp til vår tid. Det nye hespetreet var laga av ei oppståande stong på føter med fire armar i eit kryss festa oppe på sida slik at det roterer vertikalt. Det vert drive av eit lite handtak.
-
Hespetre ved ein rokk i Robert Johnston's Residence i New Salem i Illinois.
-
Gammalt tysk seksarma hespetre ved ein vevstol og enkel spinnerokk med tein (ved veggen bak)
-
Den tyske kunstnaren Israhel van Meckenems Verkehrte Welt («Bakvendtland») frå slutten av 1400-talet viser ei kone som svingar septeret, det vil seia avgjer og regjerer, medan mannen, ein tøffelhelt, lagar ein hespa (garnbunt) med handtein og hespetre, eit typisk kvinnearbeid.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hespetre» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Hespetre i Store Norske Leksikon
- Litteratur
- Marta Hoffman: Frå fiber til tøy, Landbruksforlaget 1991
Denne artikkel bygger på nb:Hespetre 6 september 2017