For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Septer på båt.

Septer (frå gresk skeptron, 'stav') er ein utsmykka stav, ofte laga av edelt metall (gull, sølv) og gjerne pryda med innsette edelsteinar, og vert båre av særleg kongelege personar i høgtidlege høve som teikn på deira makt og mynde og den vørdnaden dei har krav på. Ofte vert septeret rekna til kronjuvelane.

Portrett som syner keisar Pedro II (1825-1891) frå Brasil med eit stort septer i høgre handa.
Septeret til erkehertugen i Tyrol, år 1602.

Septer er kjend frå gamalt av, og var i bruk i antikken.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Septer