Hestfjorden

fjord i Lødingen i Nordland

68°22′21″N 15°42′52″E / 68.37250°N 15.71444°E / 68.37250; 15.71444 Hestfjorden er ein fjord i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 4 km vestover til Mattis- og Larsfjorden.

Fjorden har innløp mellom Kattneset i nord og Rinøya i sør. Fjorden går på nordsida av denne øya og Gårdsholmen. Hestøya ligg midt i fjorden og nord for denne ligg garden Hesten, som har gjeve namn til fjorden. Vest for Hesten skiftar fjorden namn til Mellomfjorden. Denne delen av fjorden vert kryssa av Riksveg 837 som endar ved Rindbø på sørsida.

Mellomfjorden går vidare austover og i botn av fjorden deler han seg i dei to vikene Mattisfjorden (300 meter lang) i nord og Larsfjorden (400 meter lang) i sør.