Mellomfjorden
Mellomfjorden er ein delfjord av Hestfjorden i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden har ei lengd på om lag 1 km. Som namnet viser til er han den miderste delen av fjorden og lenger vest og inn i fjorden ligg dei to vikene Mattisfjorden og Larsfjorden. Medrekna desse er fjorden 1,5 km lang.
Fjorden vert kryssa av Riksveg 837.