Hestvik Glassverk
Hestvik glassverk eller Hesteviken glassverk, òg kjent som Gravdal glassverk, var eit foretak som blei oppretta i 1850. Det blei etablert av August Konow og sonen Fredrik Ludvig Konow d.e.[1] Dei fleste glasblåsarane kom til verket 1852-1853 og forlet det i 1857, slik at dette blir rekna som driftstida til verket.[2]
Hestvik Glassverk | |||
Skipa | 1850 | ||
---|---|---|---|
Nedlagd | 1857 | ||
Hovudkontor | Laksevåg | ||
Land | Noreg |
Verket låg litt nordvest for Gravdal mølle i Laksevåg ved Bergen. Det produserte flasker og kavlar, og frå 1853 òg kvitt glas. Glasmeister Pedersen leia produksjonen. Det var ein eigen verksskole knytt til aktiviteten i Hestvika og Gravdal.
Arbeidarar
endre- Nils Nicolay Hetty (1820-1905), 1855-1856.[3]
Referansar
endre- ↑ Gravdals historie, arkivert frå originalen 12. oktober 2012, henta 16. august 2010
- ↑ Statsarkivet i Bergen, Askøy Sokneprestembete, H: Ministerialbok nr. A 11
- ↑ Nils Nicolay Hetty på Nannestad slektsskog