Heydər Əliyev
Heydər Əlirza oğlu Əliyev (10. mai 1923–12. desember 2003) eller Geidar Alijevitsj Alijev var i fleire tiår den mektigaste politikaren i Aserbajdsjan, fyrst i sovjetrepublikken Aserbajdsjan som generalsekretær i sentralkomiteen til kommunistpartiet i Aserbajdsjan i perioden 1969-82, deretter som medlem av politbyåret i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) i fem år. Generalsekretæren i partiet, Mikhail Gorbatsjov, tvinga Əliyev til å trekke seg grunna korrupsjon.
Heydər Əliyev | |
![]() | |
Fødd | 10. mai 1923 Nakhitsjevan |
Død |
12. desember 2003 (80 år) |
Yrke | politikar |
Heydər Əliyev på Commons |
Etter Sovjetunionen braut saman i 1991/92 var Əliyev president i det sjølvstendige Aserbajdsjan frå 1993 til ein månad før han døydde i 2003, på eit sjukehus i Cleveland i delstaten Ohio i USA. Sterk persondyrking prega presidenttida, og eit autokratisk system bygt på slekt- og klanmedlemer tok form, smurt gjennom store oljeinntekter og eit patron-klient-system.
Sonen İlham Əliyev tok makta i Aserbajdsjan etter faren.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Heydər Əliyev» frå Wikipedia på tysk, den 24. februar 2015.