Korrupsjon
Korrupsjon eller smørjing er det å gje eller ta imot muter for tenester. Ein kan finna korrupsjon på alle nivå i eit samfunn, frå mindre muter til politi, helsepersonell eller utdanningsvesen til personar med høge stillingar i politikk, verksemder eller andre organisasjonar.
Både å gje og å ta imot muter er forbode i dei fleste land, men er likevel utbreidd mange stader. I Noreg er korrupsjon lovregulert gjennom Straffeloven.[1]