Hilderaldo Bellini

Hilderaldo Luiz Bellini (7. juni 193020. mars 2014) var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister i 1958 og 1962. I Brasil vert han rekna som ein av dei aller mest solide midtstopparane.

Hilderaldo Bellini

Statsborgarskap Brasil
Fødd 7. juni 1930
Itapira
Død

20. mars 2014 (83 år)
São Paulo

Yrke fotballspelar
Språk portugisisk
Høgd 1,81 meter
Hilderaldo Bellini på Commons
Verdsmeistrane Brasil, 29. juni 1958, med Bellini som nummer fire frå venstre i bakre rekke med VM-pokalen i hendene

Bellini spelte for klubben Vasco da Gama åra 1952-61, deretter for São Paulo FC frå 1962 til 1967 og avslutta karrieren hos Atlético Paranaense. I 1958 var han kaptein på det brasilianske landslaget som vann den fyrste VM-tittelen for heimlandet. Fire år seinare vart han verdsmeister på ny, og han deltok også i fotball-VM 1966. Perioden 1957-66 spelte Bellini 51 landskampar for Brasil, utan å skåre eitt einaste landslagsmål.

Han vart heidra med ein statue ved inngangen til fotballstadion Maracanã, som viser han løfte eit trofé.

Kjelder endre