Hinlopenstretet er sundet mellom Spitsbergen og NordaustlandetSvalbard. Sundet er 167 km langt og er 9–46 km breitt.

Kart som syner Hinlopenstretet.

Frå sundet går Wahlenbergfjorden austover på Nordaustlandet. Av øyar i sundet finn ein Wilhelmøya, Wahlbergøya og Vaigattøyane. I søraust held sundet fram som Olgastretet.

Sundet har truleg fått namn etter Thymen Jacobsz Hinlopen som var leiar for det nederlandske Noordsche Compagnie i 1617, men ein har ikkje sikre kjelder på dette.