Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjer alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordleg breidd og 10 og 35 grader austleg lengd. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei avgrensingane som fylgjer av traktaten. Etter lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.

Svalbard
   
Det norske flagget (i bruk på Svalbard
Det norske flagget (i bruk på Svalbard
Det norske våpenet (i bruk på Svalbard)
Det norske våpenet (i bruk på Svalbard)
Det norske flagget Det norske riksvåpenet
Svalbard på verdskartet
Svalbard på verdskartet
Status Del av Kongeriket Noreg med dei avgrensingar som fylgjer av Svalbardtraktaten
Sysselmann Odd Olsen Ingerø (2009-)
Hovudstad Longyearbyen
Offisielt språk Norsk
Areal

- % vatn

61 022 km²

 

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 2 394 ([[2011]])
ca. 0,05/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .sj (ikkje i bruk, .no vert brukt [1])
Tidssone UTC +1
Internasjonal telefonkode +47
Nasjonalsong Ja, vi elsker dette landet

Historie endre

 
Svalbard, 1872.

Namnet er fyrste gong nemnt i islandske skrifter frå 1194. I den islandske landnåmsboka frå 1200-talet er Svalbard også nemnt, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag. Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land i Europa. Norsk styre tok til frå 14. august 1925.

Namnet Svalbard er av norrønt opphav (norrønt: Svalbarði), og er vorte tydt som «kjøleg kant»; «kjøleg side» eller «den kalde kysten». Ordet finst i fleire islandske årbøker frå 1100-talet.[1]

Alle dei norske stadnamna på Svalbard skal fylgja nynorsk rettskriving.[2]

Geografi endre

 
Kart over Svalbard

Totalt omfattar Svalbard landområde med eit areal på 61 022 km². Dei ti største øyane er

I tillegg er det ei lang rekkje mindre øyar og holmar som til saman utgjer 621 km².

Dei største tettstadene på Svalbard er Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund. I Longyearbyen som er administrasjonssenter for Longyearbyen lokalstyre, ligg sysselmannskontoret for Svalbard.

Klima endre

Svalbard har tundraklima med eit sterkt maritimt preg med mykje skodde og skyer. Dei høgaste månadsmiddeltemperaturane ligg mellom 0 og 10 °C. Greina av Den norske atlanterhavsstraumen som går nordover langs vestkysten av Spitsbergen og vidare mot aust utanfor nordkysten, er kanskje den viktigaste faktoren for vêr og klima. Her kan det vere ope vatn over større område, sjølv midt på vinteren, medan austkysten samstundes kan vere blokkert av is som delvis vert ført med straumen rundt Sørkapp.

Heile øygruppa er påverka av dei polare austvindane. Dette systemet blir noko deformert på grunn av fordelinga av land, is og ope hav. Den herskande vindretninga er stort sett frå nordaust. Berre i ein kort sommarsesong kan vestleg vind opptre oftare enn den austlege ved vestkysten og i fjordane der. Øyane har liten kuling eller meir frå kring 10 til kring 20 % av året på utsette stader, frå 5 til 10 % i fjordstrok og område i aust og nordaust der polarisen dominerer.

Dei kaldaste månadene er i regelen februar eller mars og middeltemperaturen varierer frå ca. –7 °C på Bjørnøya til –15 °C eller litt lågare i indre fjordstrok på Spitsbergen. Det er truleg ein middel på kring –20 °C i områda lengst nordaust, men her manglar det pålitelege data. Den lågaste målte temperaturen er –32 °C på Bjørnøya, og mellom –40 og –45 °C på Spitsbergen, med –46 °C på Svalbard lufthamn, Longyear, målt fyrst i mars, som rekord. Middeltemperaturen for varmaste sommarmånad syner ei jamn fordeling frå 3 til 6 °C, varmast i dalstroka på Spitsbergen, og litt kaldare lengst aust. Juli er den varmaste månaden i dei skjerma fjordstroka, elles august. Den høgaste målte temperaturen er over 15 °C; både på Bjørnøya og Svalbard lufthamn har ein målt over 20 °C. Det er målt varmegrader i alle månadene i året, men det har òg vore målt kuldegrader i alle, bortsett frå i juli i fjordstroka.

Nedbøren kjem hovudsakleg frå skyer i låg høgd, så fordelinga er difor sterkt prega av terrenget. Årsnedbøren er om lag 200 til 500 mm, med mest nedbør på ettersumaren og hausten. Somme skjerma område nord på Spitsbergen har truleg nedbør under 100 mm, medan det i eit maksimalområde i søraust truleg er 10 gonger så mykje.

Svalbard har mykje overskya vêr, sjølv når det er høgtrykk. Det er meir skodde her enn nokon stasjonar i låglandet i fastlands-Noreg, 8-10 % over havet og kysten i sør, men under 1 % i indre fjord- og dalstrok. Det er mest skodde om sumaren, men det kan kome skodde året rundt. Minst skydekke er det i april og mai.

På Svalbard er det meteorologiske stasjonar ved Isfjorden, Ny-Ålesund, Svea, Hornsund, på Hopen og på Bjørnøya.

Øygruppa har midnattssol frå 20. april22. august og mørketid frå 27. oktober15. februar (dei nøyaktige datoane vil variere etter kor langt nord eller sør ein oppheld seg.

Fauna endre

I eit møte i Svalbardrådet den 26. april 1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn for svalbardvalmue som «fylkesblomster» for øygruppa. Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.

Folkesetnad endre

På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) og slavarar (i hovudsak russarar og ukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen og Barentsburg, er det òg fast busetjing i Ny-Ålesund, på Bjørnøya og på Hopen. Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøver politimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del av Troms fylke. Somme lover gjeld ikkje på Svalbard.

Busetnader og stasjonar Folkemengd pr. 1. september 2004

  • Longyearbyen: 1831
  • Ny-Ålesund: 33
  • Svea (Sveagruva): 9
  • Barentsburg: 812 (russarar og ukrainarar)
  • Hornsund: 12 (polakkar)
  • Bjørnøya: 9
  • Hopen: 4

Næringsliv endre

Svalbard er kjent for store kolressursar. Både av russarar og nordmenn er det drive kolutvinning sidan tidleg på 1900-talet. Det er funne jarn, asbest og sinkblende. Leiteboring etter olje og gass finn stad. Svalbard radio er i dag den einaste kystradiostasjonen på Svalbard. Stasjonen som er viktig i maritim redningsteneste samarbeider nært med Svalbard lufthamn, Longyear. Lufthamna er den internasjonale flyplassen ved Longyearbyen. Lufthamna har ruteflytrafikk til Tromsø og Murmansk/Moskva. Turisme er viktig for Svalbard og mange tusen turistar frå heile verda vitjar øygruppa med håp om å oppleva mellom anna midnattssol, isbjørn og det vêrharde klimaet. Det er nokre få fangststasjonar i drift, eit år var mellom anna den kjende eventyraren Stein P. Aasheim og familien ein vinter i ei fangsthytte på Austfjordneset på Spitsbergen. På Svalbard ligg òg satellittstasjonen SvalSat som tek imot data frå satellittar i bane rundt jorda.

Verneområde endre

 

Mykje av landområda på Svalbard inkludert kystnære område er freda, anten som nasjonalparkar eller som naturreservat. Av dei største nasjonalparkane er Sør-Spitsbergen nasjonalpark, som utgjer Spitsbergen sør for Van Keulenfjorden, Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, som omfattar Haakon VII Land, og Forlandet nasjonalpark som omfattar Prins Karls Forland.

Nasjonalparkar endre

Naturreservat endre

Fuglereservat endre

Geotopverneområde endre

Kjelder endre

  1. Arlov (1966), s. 46
  2. «Polare stadnamn» - Norsk Polarinstitutt

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svalbard