Hinterstoder er ein kommune i Distriktet Kirchdorf an der Krems i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 149,1 km² og hadde 923 ibuarar i 2013. Kommunen omfattar landsbyane Hinterberg, Hinterstoder, Mitterstoder og Tambergau. Landsbyen Hinterstoder ligg 599 meter over havet. Kring kommunen reiser seg høge fjell, med Großer Priel på 2 515 moh. som det høgste. I sør har kommunen ei lengre grense mot forbundslandet Steiermark.

Hovudgata i Hinterstoder

Turisme har i langt tid vore hovundnæring. Hinterstoder har arrangert renn i verdscupen i alpine greiner sidan 1986.

Kjelder endre