Hirohito av Japan
Hirohito (29. april 1901–7. januar 1989) var keisar av Japan frå 1926 til han døydde. Han var nummer 124 i rekkja over keisarar av Japan. Etter at han døydde er han i Japan kjend som Shōwa-keisaren. Regjeringstida hans var den lengste til nokon japansk keisar, i ei tid der det japanske samfunnet gjekk gjennom mange endringar.
裕仁 (Hirohito) 昭和天皇 (Shōwa tennō) | |||
Frå kroninga av Hirohito | |||
Keisar av Japan | |||
Periode | 25. desember 1926–7. januar 1989 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 29. april 1901 i Tokyo | ||
Fødestad | Akasaka Estate | ||
Død | 7. januar 1989 | ||
Dødsstad | Fukiage Gyoen | ||
Mor | Teimei | ||
Far | Yoshihito | ||
Ektefelle | Keisarinne Kojun av Japan | ||
Barn | Shigeko Higashikuni, Sachiko, prinsesse Hisa, Kazuko Takatsukasa, Atsuko Ikeda, Akihito av Japan, Hitachi, Takako Shimazu | ||
Medlem | Royal Society | ||
Føregangar | Yoshihito av Japan | ||
Etterfølgjar | Akihito av Japan |
Hirohito var keisar under andre verdskrig, då den japanske krigsmakta la under seg store delar av Aust-Asia og Stillehavet. Det har vore eit ordskifte om kor mykje ansvar keisaren hadde for det som hende. Mykje av den politiske makta låg hjå militærregjeringa, som kan samanliknast med ein junta. Hirohito hadde trass i dette innblikk i arbeidet og planlegginga deira, oftast utan å protestera. Hirohito vart i byrjinga av si regjeringstid rekna som guddommeleg etter Shinto-religionen, men sa frå seg statusen som guddom etter at krigen var slutt. Han var den fyrste japanske keisaren som tala til folket sitt i radio, i ei tale der han sa frå seg sin guddommelege status. Då han døydde vart han etterfylgd av sonen Akihito av Japan.