Shinto (japansk 神道, shintō) eller shintoisme er ein japansk religion med før-buddhistiske røter. Shinto er eit polyteistisk system som legg vekt på bøn og ritual. Sentralt står trua på kami, gudar eller ander som kan finnast i alt og vyrdast. Kamiar kan representera alt frå naturfenomen og skaparkrefter til forfedrar og keisarar. I løpet av historia har shintoisme og japansk buddhisme påverka kvarandre slik at shintogudar og buddhafigurar blei sameinte i mange tempel, eller at ein kan dyrka guddommar frå den eine religionen i tempel frå den andre.[1]

Statue av ein rev (kitsune) ved eit tempel til Inari, shintoguden for ris, te, grøde og rikdom.

Kjelder endre

  1. Leeming, David (2001), «Shinto», A Dictionary of Asian Mythology, Oxford University Press, henta 16. mars 2016 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shinto
  Denne religionsartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.