Hiroyuki Tomita
Hiroyuki Tomita (fødd 21. november 1980) er ein japansk tidlegare turnar frå Osaka. Han vart verdsmeister 2005 i mangekamp og vann gullmedalje med Japans mannskap under dei olympiske leikane i Athen i 2004.
Hiroyuki Tomita | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 21. november 1980 (44 år) Osaka |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, Turn under Sommer-OL 2004 – Skranke menn |
Utmerkingar | Æresmedalje med lilla band |
Karriere
endreTomita gjekk til topps i skranke-øvinga under asialeikane 2002. Året etter vart han tredjemann i mangekampen ved Turn-VM 2003 i Anaheim, fekk også bronse i lagtevlinga. Saman med fem lagkameratar tok han gull under Sommar-OL 2004 i Athen, individuelt vann han sølvmedaljen i skranke. Tomitas største prestasjon var sigeren i mangekampen i Turn-VM 2005 i Melbourne. Eitt år seinare, ved verdsmeisterskapen i Århus, kom han på sølvplass i mangekampen og i skranke, og fekk bronse med Japan sitt lag. På tampen av 2006 vann han bøylehest under asialeikane i Doha. Tomita og Japan sikra seg sølvmedaljar i lagtevlinga i så vel Turn-VM 2007 som Sommar-OL 2008.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hiroyuki Tomita» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2023.