Hjørungavåg er ei grend i Hareid kommuneSunnmøre. Dei tettbygde delane av Hjørungavåg er ein del av tettstaden Hareid.

Monument over slaget i Hjørungavåg

Grenda og vågen hadde tidlegare namnet Liavåg. På 1700- og 1800-talet vart det etablert ein teori om at det var Liavågen ved Hareid som var slagstaden for Jomsvikingslaget, og denne løysinga vart rekna for sanning i lang tid. I 1897 vart det oppretta eit postopneri i Liavåg, men namnet vart då sett til «Hjørungavaag»[1]. Som ein konsekvens av dette var namnet på sjølve vågen seinare offisielt endra til Hjørungavåg.

I følgje Snorre Sturlason var det her Håkon jarl leia slaget mot Bue Digre og jomsvikingane. Slaget i Hjørungavåg er tidfest til rundt år 986. Teorien om kvar helst den historiske vågen Hjörungavágr låg, er særs omdiskutert.

Referansar endre

  1. Postmuseet Hjørungavåg postopneri