Hjelp:Unicode
Dersom du ser underlege symbol eller firkantar der du venter bokstavar, kan det vera at nettlesaren din ikkje støttar Unicode, eller at datamaskina di har fontar med for få bokstavar i. For at du skal kunna sjå desse teikna, kan du prøva å bytta til ein nyare nettlesar, og/eller installera ein font som støttar Unicode og teikna som ikkje blir viste, slik som Code2000, Arial Unicode MS, Lucida Sans Unicode og ei rekke andre. Dersom nettlesaren din ikkje støttar Unicode vil du får melding om dette dersom du prøver å redigere i side.
Alle nettlesarar som er i bruk i dag støttar Unicode. Ei vel så sannsynleg forklaring på manglande æøå (t.d.) vere at nettlesaren din er stilt inn på feil teiknsettkoding. I menyen «Vis -- Teiknsett» skal det stå «UTF-8»