Hjullastar
(Omdirigert frå Hjullaster)
Hjullastar er ei anleggsmaskin som vert nytta for lasting og planering av jord, grus og stein, men og for arbeid som lasting av tømmer og trelast, rydding av snø osb.
Med unnatak av nokre små maskinar er moderne hjullastarar rammestyrte, med motoren på den bakre og lasteapparatet på den fremre delen[1].
Soge
endreDei fyrste hjullastarane hadde bakhjulsstyring og det var ikkje før på 1950-talet, då hydrauliske komponentar vart tilgjengelege, at rammestyring vart innført. Den fyrste hjullastaren med rammestyring tykkjest å ha vore Scoopmobile Model LD-5, som vart produsert av Mixermobile Manufacturers i Portland i Oregon i USA. Han kom på marknaden i 1953[2] og var truleg den fyrste maskina som var utstyrt med hydraulisk rammestyring.
Referansar
endre- ↑ König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.
- ↑ Haddock, K. (28. september 2010), «Advent of articulation», Construction Equipment
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Hattrem, H., Verdas største hjullastar, VG Nett, 24.01.2009.