Hn/Myklagard
- Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Miklagard».
Myklagard eller Myklegard (gamalnorsk Miklagarðr) var det gamalnorske namnet på byen Bysants eller Konstantinopel, det som i dag er Istanbul i Tyrkia. Det var dette namnet norderlendske vikingar gav byen og mange av dei gjekk i tenesta her som væringar.
Vikingane som fór åt Myklagard sette spor etter seg millom anna i kyrkja Hagia Sofia, der ei rekkja runerit er fundne. Det mest kjende er eit som syner ᚠᛐᛆᚿ / ftan, fylgt av nokre utydde runer, og kann vera namnet Halvdan. Eit anna runefund i Hagia Sofia er namnet Arne, stava ᛆᚱᚿᛁ / arni.[1]
Upphav
endreNamnet kjem frå gamalnorsk Miklagarðr som er samansett av mikill ‘mykjen, stor’ og garðr ‘gard, inngjerd stad’. Det tydde soleis ‘stor inngjerd stad’, eller ‘storby’. Jamfør -borg um byar med festning. I Noreg finn me fyrefestet i namn som Myklestad (frå Miklabólstaðr[2]) og Myklemyr. Jf. bundi form mykle av mykjen.[3]
Kjeldor
endre- ↑ Nytt om runer – Meldingsblad om runeforskning, Nr. 14 (1999)
- ↑ «Myklebostad» i Norsk stadnamnleksikon
- ↑ «myken» i Norsk Ordbog med dansk Forklaring av Ivar Aasen (1873)