Hn/Tunga

Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Tunge».

Tunga er den store muskelsamlingi i munngolvet som handsamar maten til tyggjing og svelgjing. Ho er dessutan eit av smaksorgani; mykje av tungeyta er tekt med smakslaukar. Tunga er viktug i taleframburden, jamfør nemningi tungemål.