Hn/Tungekyss
- Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Tungekyss».
Ein tungekyss (òg kalla fransk kyss) er ein kyss der tungone på deim som kysser rører ved einannan. I ein tungekyss kjem det gjerne fyre at ein lèt tunga glida inn i munnen på hin, eller at ein syg og småbit på lippone. Denne måten å kyssa på gjev større kroppsleg njoting en einfelde lippekyssar, og er å rekna for ei kynsleg gjerning. Tungekyssing vert ofte nytta i samband med nærare kynslegt samkvæme, so som samlega, eller som fyrespel til dette.