Hochwilde er eit 3 480 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet har to toppar, der sørtoppen er den høgste, medan nordtoppen er 3 458 moh.

Hochwilde
fjell
Hochwilde, sett frå Hintere Seelenkogel (og nordvest)
Land  Austerrike
Fjellkjede Ötztaleralpane
Høgd 3 480 moh.
Primærfaktor 329 m
Førstestiging 1858
Koordinatar 46°45′59″N 11°1′25″E / 46.76639°N 11.02361°E / 46.76639; 11.02361
Kart
Hochwilde
46°45′56″N 11°01′20″E / 46.765547°N 11.022203°E / 46.765547; 11.022203
Wikimedia Commons: Hochwilde

Den fyrste registrerte toppturen på Hochwilde fann stad i 1858. Denne vart gjennomført av Johann Ganahl, som for det austerrikske militæret dreiv oppmåling i området, og nokre hjelparar og berarar frå Schnalstal. Nordtoppen vart bestige fyrste gongen den 24. august 1871 av Hans Lutze von Wurmb og fjellførarane Peter Paul Gstrein og Rupert Scheiber.

Hochwilde er eit framifrå utsiktspunkt, og såleis eit ynda turmål. Ein topptur kan starte både frå Stettiner Hütte i sør, eller frå Hochwildehaus på nordsida.

Kjelder endre