Opna hovudmenyen

Hogstklasse er ein klassifisering av skog etter alder og tettleik. Omgrepet er sentralt ved inndeling av skogbestand.

  • Hogstklasse I er skog under fornying
  • Hogstklasse II er forynga skog,
  • Hogstklasse III er yngre produksjonsskog
  • Hogstklasse IV er eldre produksjonsskog
  • Hogstklasse V er gammal skog

«Ia» er ei rydda flate, «Ib» er ei flate som må ryddast for at skogen skal kunne foryngast tilfredsstillande. Ein «a» etter hogstklasse II - V markerer at skogen har tilfredsstillande tettleik; ein «b» markerer at skogen har utilfredsstillande tettleik.

I yngre produksjonsskog aukar den årlege tilveksten for kvart år. I eit gammalt skogbestand vil den årlege tilveksten bli lægre år for år. Tradisjonelt går hogstklasse IV over til hkl. V når den årlege tilveksten i bestandet søkk til eit nivå under middeltilveksten rekna gjennom heile levetida til bestandet.

Ved skogtaksasjon vert skiljet mellom hogstklassane definert etter trealder, varierande etter bonitet:

Nedre alder for ulike hogstklassar, etter bonitet
Bonitet H.kl. II H.kl. III H.kl. IV H.kl. V
G/F20 1 20 45 70
G/F17 1 25 55 80
G/F14 1 30 60 80
G/F11 1 35 70 100
G/F8 1 45 75 110

KjelderEndra