Hohe Weißzint er eit 3 371 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Toppen er på hovudfjellkjeda i Zillertalalpane.

Hohe Weißzint
fjell
Hohe Weißzint, sett frå vest
Land  Austerrike
Fjellkjede Zillertaleralpane
Høgd 3 371 moh.
Førstestiging 1871
Koordinatar 46°58′8″N 11°44′49″E / 46.96889°N 11.74694°E / 46.96889; 11.74694
Kart
Hohe Weißzint
46°58′08″N 11°44′50″E / 46.968839°N 11.747103°E / 46.968839; 11.747103
Wikimedia Commons: Hoher Weißzint

Fjellet er omkransa av isbrear på alle kantar. Namnet Weißzint er ei avleiing og tyder den kvittlysande breen, som i tidlegare tider dekte fjellet heilt til topps.

Den 8. august 1871 vart greven og oberstløytnanten Erich Künigl fyrstemann til topps. Med på turen var ein namnlaus bonde frå landsbyen Lappach.

Kjelder endre