Opna hovudmenyen

Hollandsch Diep eller Hollands Diep er ei brei elv i Nederland og ein del av estuaret til Rhinen og Maas. Via Schelde-Rhinen-kanalen er ho tilslutta Schelde og Antwerpen.

Hollandsch Diep
elv
Willemstad.jpg
Hollands Diep ved Willemstad
Land Flag of the Netherlands.svg Nederland
Lengd 19 km
Kjelde Nieuwe-Merwede og Amer
Munning Volkerak og Haringvliet

Elvane Bergse Maas og Nieuwe Merwede renn saman nær Lage Zwaluwe og dannar Hollands Diep. Dordtsche Kil er tilslutta elva nær Moerdijk. Nær Numansdorp delar ho seg i Haringvliet og Volkerak. Ved dette punktet ligg Hellegatsplein i vatnet, eit vegkryss som går til øya Hoeksche Waard i nord via Haringvliet-brua, til Goeree-Overflakkee i vest via Hellegatsdam, og til fastlandet i sørvest via Volkerak-slusene.

På austsida av Hollands Diep går Moerdijk-bruene til øya Dordrecht i nord og til fastlandet i sør. Dette er ei bru for både bil og jernbane. Nyleg har det vorte bygd ein ny jernbanebru for HSL-Zuid.

KjelderEndra

Koordinatar: 51°42′00″N 4°35′02″E