Estuar
Eit estuar eller estuarium er eit delvis lukka vassområde ved kysten med fri opning til sjøen der ei eller fleire elvar munnar ut.[1] Eit estuar har ofte høg biologisk produktivitet.

Eit estuar er ofte tidvassmunningen til ei elv (aestus er latin for tidvatn) og er ofte utsett for avleiringar frå både elva og frå utaskjers. Dei består som regel av brakkvatn. Når havnivået stig i forhold til landområda kan ein stundom få danna rias eller fjordar der vatnet flaumer inn i dalar. Desse kan verte estuar om ei elv renn ut i dei. Store estuar, som Chesapeake Bay og Gironde-estuaret, har ofte fleire elvar som munnar ut i seg og dannar stundom kompliserte former. Estuar vert ofte gjeve namn som bukt, sund, fjord osv., men langt frå alle desse er estuar. I området der enorme vassmengder munnar ut i sjøen (som til dømes der Amazonaselva renn ut i Atlanterhavet) vert estuaret rekna for å strekke seg langt utfor kysten.
Estuarin sirkulasjon Endra
Estuarin sirkulasjon er vanleg i estuar. Dette oppstår når ferskt eller brakkvatn strøymer ut nær overflata, medan tyngre og saltare vatn renn inn ved botn. Anti-estuarin straum er når det motsette skjer, der tyngre vatn stryømer ut nær botn og lettare vatn strøymer innover ved overflata. Dette uttrykket vert i oseanografi derimot òg nytta om andre stader enn i estuar, som i nesten lukka havområde.
Typar estuar Endra
- Salt kile
- Vatnet frå elva dominerar over sjøvatn i estuaret og det er lite blanding. Dermed oppstår det eit skarpt skilje mellom ferskt overflatavatn og salt vatn på botn.
- Kraftig lagdelt
- Det kjem om lag like mykje vatn frå elva inn i estuaret som det kjem saltvatn frå sjøen. Turbulens fører til meir blanding av saltvatn oppover enn motsett.
- Noko lagdelt
- Det kjem mindre vatn frå elva enn frå sjøen. Her fører turbulens til balnding av heile vassøyla, slik at saliniteten varierer meir horisontalt enn vertikalt.
- Vertikalt blanda
- Vatn frå elva utgjer ein mykje mindre del enn vatnet som kjem inn frå sjøen, slik at ein kan sjå bort frå ferskvassbidraget. Ein har berre horisontal variasjon av saliniteten.
- Omvendt estuar
- Ein finn dette i området med kraftig fordamping. Ein får ikkje tilført ferskvatn og saliniteten aukar faktisk jo nærmare land ein kjem. Middelstraumen går innover ved overflata, vert pressa ned heilt innerst og strøymer ut igjen langs botn.
- Varierande estuar
- Typen estuar varierer stort etter kor mykje ferskvatn som vert tilført og kan variere mellom dei andre typane som er nemnt over.[2]
Bakgrunnsstoff Endra
Fotnotar Endra
- ↑ Pritchard, D. W. (1967) What is an estuary: physical viewpoint. s. 3–5 in: G. H. Lauf (ed.) Estuaries, A.A.A.S. Publ. No. 83, Washington, D.C.
- ↑ M. Tomczak, «Oceanography Notes Ch. 12: Estuaries Arkivert 2006-12-07 ved Wayback Machine.». Vitja 30. november 2006.
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Estuary frå Engelsk Wikipedia .