Holmenkollbanen er ei av linjene i T-banenettet i Oslo, og ligg i si fulle lengd innanfor Oslos bygrense. Endehaldeplassen er Frognerseteren på grensa til Nordmarka.

Holmenkollbanen er bratt og med krappe svingar. Perrongane er stutte og ligg ofte i ein sving. Fotografiet er frå tida då banen var T-bane, men før banen vart utstyrt med straumskjene i staden for leidning.
Ei av dei gamle vognene på Holmekollbanen som veteranvogn med ny straumavtakar. Vognene hadde overbygg av tre med teakpanel på yttersida, og vart ofte kopla saman to og to i tog. Om vinteren vart det sett på rammer med lêrband på utsida av vognene til å feste skia i for dei som skulle på skitur i Nordmarka. Skia stod på høgkant, og heile utsida, inklusive vindauga, kunne vere dekt av ski på store utfartsdagar.

Banen var opphavleg ein forstadsbane som vart bygd og drive av det private aksjeselskapet Holmenkolbanen A/S, som vart skipa i 1896 for dette føremålet. Vognhall og verkstad vart bygd på Majorstuen, medan administrasjonen fyrst hadde tilhald på Slemdal i Oslo, frå 1912 i ein staseleg stasjonsbygning som banen fekk seg på Vinderen, og frå 1962 i Majorstuhuset på Majorstuen stasjon. Etter kvart vart verksemda til selskapet utvida til å byggje og drive Røabanen og Sognsvannsbanen, som alle hadde Majorstua som utgangspunkt, og dette selskapet stod òg bak bygginga av fellestunnelen for desse tre banane mellom Majorstuen og Nationaltheatret undergrunnsstasjon i sentrum av Oslo, opna i 1928. Verksemda vart teken over av det kommunale selskapet A/S Oslo Sporveier.

Tidlegare var det skistav på utsida av vognene om vinteren. Passasjerane festa skipara med lerreimar.

Sjølve Holmenkollbanen vart opna 16. mars 1898 med den 3,4 kilometer lange strekninga frå Majorstuen til Slemdal, Noregs fyrste elektrisk drivne jarnbane. Banen vart lengd til Besserud, som på dette tidspunktet vart kalla Holmenkolen stasjon, 31. mars 1898. Til den noverande Holmenkollen haldeplass vart banen opna i 1915, og derfrå og fram til Frognerseteren, som då vart rekna som fyrste parsellen på det som skulle verte Tryvannsbanen, vart banen opna i 1916. Strekninga Majorstuen-Frognerseteren er på til saman 11,7 kilometer. Det vart òg bygd ein enkel bane vidare opp mot Tryvasshøgda, men denne fekk ikkje lange levetida.

I byrjinga vart Holmenkollbanen nytta ikkje berre for persontrafikk, men og for transport av gods. Det var sett oppstasjonsbygningar med mannskap på fleire av stasjonane, så banen fungerte på mange vis som ein lokal jarnbane.

Holmenkollbanen vart ei linje i T-banesystemet i 1995, då dei vestlege forstadsbanelinjene på felleslinja frå Majorstuen vart knytt i hop med dei austlege T-banelinjene på Stortinget T-banestasjon i sentrum av Oslo. På Holmekollbanen vart det køyrd tovogners togsett som var slik utrusta at dei kunne gjere seg nytte av både straumskjener langs spora som på dei ordinære T-banelinjene, og straumleidning i lufta over sporet, slik Holmenkollbanen alltid hadde hatt, og framleis fekk ha i fleire år frametter. Men i 2009-2010 vart banen stengd for å verte utstyrt med straumskjener heile vegen, slik at dei nye vognsetta på T-banen kunne setjast inn i rute på Holmenkollbanen òg. Men det vart ellers ikkje gjort monalege moderniseringar, så Holmenkollbanen er no den einaste T-banen med kryssingar av vegar i plan, og dessutan den einaste linja der perrongane er så stutte at dørene lengst bak på vognsetta ikkje kan opnast medan dei er her. Men Holmenkollen stasjon er eit unntak ved å vere utbygd for å kunne take mot dei store publikumsmassane som skal til Holmenkollbakken og dei andre skianlegga i området under arrangement der.